Tilslørte bondepiker

Før vi veit kor vi skal, må vi vite kor vi er. Her byrjar problema i debatten om det norske jordbruket.

Legitimiteten til det norske jordbruket står og fell på at landbrukspolitikken er av allmenn interesse. Likevel har han ord på seg for å vere vanskeleg, utilgjengeleg og for spesielt interesserte. Kvifor har det blitt slik? Og kor står norsk jordbruk eigentleg – i dag? Kan jordbrukspolitikken endrast?

Sjeldan har interessa for norsk jordbruk og jordbrukspolitikk vore større enn i dag. Samstundes dreg debatten i alle retningar, ofte med (u)føreseielege konklusjonar utan forankring i kunnskap og faktiske realitetar. Når debatten manglar forankring, får vi heller inga felles forståing av verkelegheita. Resultatet er ei oppblomstring av mytar, mistydingar og stereotype oppfatningar om kva jordbruket er, treng og skal vere.

 

Myteskaparane

Kven er så desse myteskaparane? Og kva slags mytar er det som blir skapte?

Media bygger opp under stereotype haldningar og reproduserer gamle førestillingar om jordbruket på sin måte. Både meiningar og førestillingar om norske matprisar er eit viktig omdreiingspunkt i matdebatten i norske medium – som ofte konkluderer med at norske bønder er kostbare, ineffektive og har sugerøyr ned i statskassa.

Nordmenn på grensehandel i Sverige i påskeveka var tema i Aftenposten 17. april i år. Direktør Thomas Angell i hovudorganisasjonen Virke meinte det var tid for å diskutere matprisane: «Vi trenger virkelig en politikk som gir mindre forskjeller. Vi må se på norske avgifter, importvernet som gir kunstig høye matpriser og resten av landbrukspolitikken.»

Samanlikning av matprisar over landegrensene er ei populær, men ofte vanskeleg øving. «Er nordmenn dumme som spiser verdens dyreste Big Mac?» Forbrukerinspektørene (NRK 27.07.10) stilte dette spørsmålet då dei presenterte den årlege Big Mac-indeksen, som viste at ein Big Mac, altså ein hamburgar, kostar meir i Noreg enn i dei fleste andre land.

Samanhengen mellom kostnadsnivå og prisnivå blei derimot ikkje tematisert i programmet. At maten blir stadig billegare, eller at fallet på råvareprisane gjer bøndene stadig fattigare, blei heller ikkje teke med i likninga. At norske matkonsumentar brukar knapt 10 % av inntekta si på mat, men nær 30 % på bustad, var heller ikkje relevant for inspektørane i NRK.

Jordbruket sine medlemsblad interesserer seg ofte for såkalla gladsaker. «Fornøyd med nøkkelferdig robotfjøs» kunne magasinet Norsk Landbruk melde i ein reportasje 7.3.14. Ressursgrunnlag og bruksstruktur les vi sjeldan om. Eller om mangelfull lønsemd og aukande gjeld. Kvifor er det så viktig for jordbruksjournalistikken å fortelje kor flinke bønder er til å effektivisere og rasjonalisere?

Dess meir matproduksjonen blir fråkopla ressursgrunnlaget, dess meir intenst blir salet av den idylliserte landsbygda. Førestillinga om jordbruk er både «ekte», «reint» og ikkje minst «norsk». Stølsidyll, kyr på fjellbeite og lukkelege bønder er innpakkinga når norsk jordbruk skal møte kundane sine. Idyllen finn vi i reiselivsmagasina, i reklamane på TV eller som del av merkevarebygginga i regionane. I oksemagasinet til avlsselskapet Geno blir avlsoksar photoshoppa inn i frisk natur. At dei same oksane sjeldan og aldri er i nærleiken av norsk fauna – eller at dei til dagleg står på hard betong, finst det ingen bilete av.

Framstillinga av merkevareprosjekt som til dømes «Nyt Norge» skaper eit bestemt inntrykk av ein norsk jordbruksidyll. Norsk jordbruk åleine er basert på norsk ressursar, blir det hevda, men sanninga er ei anna: Gjennomsnittsalderen på Tine sine mjølkekyr er i dag om lag fire år før dei går ut av produksjonen. Den intensive mjølkeproduksjonen og krava til høg mjølkemengde gjer at om lag 45 % av fôret til kyrne er kraftfôr, der ein stadig større del av kraftfôrråvarene er produsert i andre land. Beite utgjer berre 10 % av den samla fôrmengda. Er merkevarebygginga oppteken av desse utviklingstrekka når dei formidlar tilstanden i norsk matproduksjon?

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug seier i VG 25.2.14 at framsnakking er det viktigaste middelet for å lokke fleire unge inn i næringa – nøyaktig det same som tidlegare landbruksminister og no leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum uttala i fyrste tala si som landbruksminister (Dagligvarehandelen 40/2012). Men er det verkeleg framsnakking som er løysinga for jordbruket i framtida?

Dette er til å bli sliten av. Kor skal ein byrje?

 

Suksess eller særinteresse?

Grovt sagt er det to hovudforteljingar om norsk jordbruk: Den eine er at norsk jordbruk er ein suksess. Sentrale stikkord er vellukka jordbruksforhandlingar, innovative samvirke, naudsynte statlege overføringar og tollvern, stor grad av sjølvforsyning, levande bygder og rein norsk mat. Bak desse forteljingane står dei som er ansvarlege for jordbrukspolitikken: Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag, Senterpartiet, Norsk Landbrukssamvirke – med støttespelarar i Nationen, Nyt Norge-kampanjen – og nokre til.

Den andre versjonen er forteljinga om norsk jordbruk som ei særinteresse: ein sektor som har skapt den dyraste maten i verda, skyhøge tollmurar, ineffektive bønder og eit tungrodd byråkrati. Bak denne forteljinga står Dagens Næringsliv og redaktør Trygve Hegnar, Høgre, Unge Venstre, FrP, tankesmia Civita, REMA-Reitan, NHO og andre prinsippfaste tilhengarar av frihandel sentralt.

Felles for båe – både dei som forfektar jordbruket som ein suksess, og dei som hevdar at det representerer ei tungrodd særinteresse – står forteljinga om norsk jordbruk som ein motreaksjon, som kjerringa mot straumen. Utviklinga i jordbruket skjer trass i jordbrukspolitikken – ikkje på grunn av han, hevdar dei båe.

Men debatten er prega av tilsløringar. Eit døme: Tidlegare landbruksminister Lars Peder Brekk (Senterpartiet) skreiv i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende at formålet med verkemidla i jordbrukspolitikken var å bremse strukturutvikling og sentralisering (BT 28.5.10). Det er denne politikken Dagens Næringsliv vil til livs når dei angrip Senterpartiet på leiarplass: «Partiet er grenseløst når det gjelder å bruke penger på jordbruk og distriktene. Målet har vært å opprettholde gårsdagens bosettingsmønster og sysselsetting i jordbruket». (DN 2.9.11).

Men kva bygger utspela og påstandane eigentleg på? Kva veit Dagens Næringsliv om samanhengane i jordbrukspolitikken og drivkreftene i jordbruksavtalesystemet? Og er det riktig som tidlegare minister Brekk skriv, at formålet med jordbrukspolitikken er å bremse utviklinga?

Uavhengig av korleis jordbrukspolitikken faktisk ser ut, passar ideen om jordbrukspolitikk som ein motreaksjon både for jordbruket sine tilhengarar og motstandarar: Overføringane til jordbruket og påstandar om lønsvekst hjå bøndene er det fellande beviset til Dagens Næringsliv på at jordbrukspolitikken er styrt av særinteresse – og det er det gode dømet til jordbruket og deira støttespelarar på at politikken deira er ein suksess.

Tilsløringane stikk djupt – og er vanskelege å få tak på. Tala frå landbruksmyndigheitene og forståinga av til dømes sjølvforsyningsgrad og produksjonsevne har vore upresise og villeiande (Stortingsmelding 9, 2011–2012), som til dømes framstillinga – både på heimesidene, i kronikkar, rapportar og intervju – av importert kraftfôr som ein «norsk ressurs».

Det blir oppgjeve tal over det totale jordbruksarealet, som i det store og heile er stabilt og difor eit bevis på at politikken fungerer slik han skal – i tråd med målet om sjølvforsyning – samstundes som sentrale embetsmenn og bondeleiarar lèt vere å kommunisere dei store endringane i til dømes samansetning og bruk av det same arealet (SSB)[1].

«Mytene om norsk landbruk er mange, men er den ei næring på sotteseng? Langt ifra. Historien om norsk landbruk er faktisk ei suksesshistorie. Slik må det fortsette, for hvem skal ellers produsere maten din?», skreiv andre nestleiar i Norges Bondelag Brita Skallerud i eit lesarinnlegg som stod på trykk i ei rekke aviser i januar 2011. Tittelen på innlegget var «Landbrukets suksesshistorie».

Og etter inngåing av jordbruksavtalen våren 2013 kunne bondelagsleiar Nils T. Bjørke fortelle at «Dette kan skape en forsiktig optimisme blant bønder og en tro på at regjeringen mener alvor med målet om økt matproduksjon på norske ressurser. Dette er en bedre avtale enn på mange år» (Jærbladet 15.05.13).

Frå Senterpartiet kom meldinga om at jordbruksavtalen var «solid og fremtidsretta». Og på leiarplass i Finansavisen slo Trygve Hegnar fast at «Alt går bøndenes vei om dagen»[2].

Polariseringa hemmar ein nødvendig debatt om sentrale utviklingstrekk i jordbruket og om konsekvensane av den jordbrukspolitikken som blir ført.

 

Kvar står vi?

Det blir stadig tydelegare at landbruks- og matminister Sylvi Listhaug ikkje er det største problemet norsk jordbruk står overfor. Faktum er at norsk jordbruk er i krise, og at Sylvi Listhaug er heilt uskyldig. Men utan ei felles forståing av verkelegheita er det umogeleg å legge til rette for nødvendige endringar.

Norsk jordbruk er korkje ein suksess eller ei særinteresse. Men så lenge debatten om det norske jordbruket går føre seg i kvar si grøft, blir det uråd å vite kva jordbruket faktisk må og skal gjere. Når vi ikkje er samde om kvar vi står, er det dess meir krevjande å vite kva vi vil.

Noko veit vi:

1) Frå 1990 og fram til no er det norske kornarealet redusert med over 760 000 dekar. Det er 5000 fotballbanar kvart einaste år i denne perioden. Meir enn 20 prosent av det totale kornarealet er teke ut av produksjon i løpet av dei siste 22 åra. I 2013 importerte vi for fyrste gong meir korn frå utlandet enn vi produserte sjølve. Nedgangen i det norske kornarealet har aldri vore sterkare enn under dei siste åtte åra med landbruksministeren frå Senterpartiet (SSB).

2) Importen av kraftfôrråvarer til husdyrproduksjonen er i dag over 900 000 tonn årleg, meir enn ei dobling dei siste ti åra (Statens landbruksforvaltning (SLF)). I intensiv oppforing av storfe blir det brukt om lag 4,5 kilo kraftfôr per kilo storfekjøt (Vestlandsk Landbruk 1/2010). Samstundes blir det norske grasarealet på inn- og utmark redusert i stadig større omfang (SSB). Krav til høg mjølkemengde gjer at kraftfôrandelen i fôret i løpet av 2000-talet har auka frå 35 prosent til nesten 45 prosent. Ein stor del av kraftfôret til kua er i tillegg soyaimport. Beiteandelen er i same periode redusert frå 18 prosent til 10 prosent (Tine Ku-kontrollen).

3) Ein større del av produksjonen blir sentralisert til få, store bruk med stort volum på Jæren, rundt Oslofjorden og Trondhjemsfjorden. Over 60 prosent av kjøtet frå svin, fjørfe, storfe og sau blir produsert i desse tre regionane. Det er fleire mjølkekyr i Hå kommune på Jæren enn det er i Finnmark og Troms til saman. (SSB/SLF).

4) Fall i produksjon på eigne areal og auka kraftfôrimport gjer at norsk matvaresikkerheit er betydeleg svekt dei siste åra. I 2012 var sjølvforsyningsgraden knappe 35 prosent (Norsk Institutt for landbruksøkonomisk institutt (NILF)). Auka befolkningsvekst har gjeve auka forbruksvekst på dei aller fleste jordbruksprodukta gjennom 2000-talet. I same tidsrom har mengda av norsk produksjon blitt redusert for dei fleste jordbruksprodukta. Importvolumet av jordbruksprodukt er i løpet av 2000-talet nesten dobla til 4,5 millionar tonn årleg (Agrianalyse).

5) Det er i dag om lag 43 000 årsverk i norsk jordbruk. Kvart av desse årsverka produserer eit volum som er dobbelt så mykje verdt som i 1990. Trass i sterk produktivitetsvekst har den gjennomsnittlege nettoårsinntekta i jordbruket stått stille sidan slutten på 1970-talet, og ligg i dag i underkant av 180 000 kroner. Gjennomsnittsløna i Noreg i 2013 var om lag 480 000 kroner (NILF, Totalkalkylen, SSB).

6) Produksjonskostnadene i jordbruket er årleg om lag ein milliard kroner høgare enn marknadsinntektene. Gjennomsnittsbonden får meir i tilskott frå staten enn han har i total nettoinntekt. Gjelda i sektoren er meir enn 50 milliardar kroner, ei dobling i løpet av 2000-talet. I snitt er dette om lag 1,2 millionar kroner per årsverk, men denne gjeldsbelastinga er svært ujamt fordelt. Produktprisane som bonden får per kilo og liter korn, kjøt, mjølk og grønsaker, er halverte dei siste 25 åra. I 1985 fekk kornbonden om lag 7 kroner (2012-kroner) per kilo matkveite. I 2012 fekk han utbetalt i underkant av 3 kroner per kilo (Totalkalkylen).

 

Kvifor har det blitt slik?

Det er tre sentrale drivkrefter i jordbrukspolitikken som sjeldan eller aldri blir omtala for å peike på og forklare kvifor sektoren ser ut som han gjer:

  • Billeg kraftfôr
  • Investeringspolitikken
  • Føresetnadene i jordbruksforhandlingane

 

Fyrst til kraftfôret: Prisen på kraftfôr blir avgjord i jordbruksforhandlingane, med utgangspunkt i kornprisen. Kraftfôrprisen er heilt avgjerande for bøndene fordi kraftfôr er ein føresetnad for høg produktivitet per eining. Kraftfôret må difor vere billeg slik at det løner seg å produsere mykje på få einingar, som i praksis betyr: så billeg at det løner seg å ikkje bruke arbeidstid og arbeidskraft på eigen gras- og fôrproduksjon. Både bøndene og byråkratane er samde om å halde kraftfôrprisen låg, og no dei siste åra: lågare enn graskostnadene.

Kva betyr det for arealbruken i Noreg og for dei politiske måla om sjølvforsyning? Kva betyr det for målsettinga om å bruke eigne ressursar i matproduksjonen, eller å ta heile landet i bruk?

Bonden gjer det som er lønsamt å gjere. I tillegg til at kornproduksjonen fell fordi lønsemda går ned, er det driftsøkonomisk idioti for bonden å bruke arbeidstimar på produksjon av gras så lenge kraftfôret er billegare. Bruk av kraftfôr resulterer i færre arbeidstimar, høgare volum og raskare vekst, men legg på den andre sida grunnlaget for å lausrive produksjonen frå sjølve ressursgrunnlaget – både på kvart enkelt bruk, og for Noreg totalt sett (SSB, Totalkalkylen)

Investeringspolitikken: Gjennom omfattande statlege støtteordningar i mellom anna Innovasjon Norge til byggeprosjekt i jordbruket har det blitt reist storfjøs på storfjøs – som ikkje eingong private bankar ikkje vil finansiere. Investeringstilskott og rentestøtte verkar styrande på investeringane på kvart einskilt bruk, og stimulerer til store utbyggingar – framfor vedlikehald og fornying av eksisterande driftskapital. Utbyggingstempoet driv fram eit investeringsnivå og gjeldssummar som det ikkje er forretningsmessig grunnlag for – korkje på det einskilde bruket eller i sektoren totalt sett. Fjøs til 10 millionar blir finansierte på sviktande inntektsgrunnlag.

I staden for investeringar til nydyrking, grøfting, gjerding, kalking eller andre tiltak for å auke arealmengda og fruktbarheita i den jorda vi har, blir det òg brukt store pengesummar på etablering og utbygging av bruksstrukturar og produksjonsmåtar som i stor grad baserer seg på importert arealgrunnlag – det vil seie kraftfôr (Innovasjon Norge, SSB, Totalkalkylen).

Areala på gardsbruka er tredobla i størrelse til om lag 220 dekar (30 fotballbanar) dei siste tretti åra, medan realinntekta har stått stille. Meir statlege investeringar til større bruk for å betre lønsemda i sektoren har resultert i det motsette. Tilskottsavhengigheita har auka, produksjonskostnadene er større enn marknadsinntektene, arbeidsinntektene stadig dårlegare. Å peike på denne samanhengen er derimot å legge hovud på hoggestabben. «… det er meningsløst å hevde at det er stordriftsulemper innenfor den skalaen vi har i norsk jordbruk», seier departementsråd i Landbruks- og matdepartementet Leif Forsell (Nationen 30.08.10).

Føresetnadene i jordbruksforhandlingane: Dei bøndene som har vekst i inntekta si, er dei bøndene som – enkelt forklart – oppfyller føresetnadene som blir lagde til grunn i jordbruksforhandlingane. Ein viktig føresetnad er redusert arbeidsinnsats og auka volum. Det vil seie at dei bøndene som frå år til år produserer meir kjøt og mjølk per arbeidstime, kan oppfylle føresetnadene og dermed potensielt få vekst i inntekta. Denne tilpassinga endrar produksjonsmåtane i norsk jordbruk og heng nøye saman med tilgangen på billeg kraftfôr og statleg investeringsstøtte til storfjøs, til dømes.

Føresetnadene kan også sjåast på ein annan måte: om ein bonde, uansett bruksstorleik, brukar same arbeidsmengde på same volum i 2014 som han gjorde i 2013, oppfyller han ikkje føresetnadene som er lagde til grunn i avtalen (Sluttprotokoll for jordbruksforhandlingene 2013). Dess fleire årsverk og meir norsk areal som går ut, dess høgare produksjon og høgare inntekt kan dei attverande bøndene oppnå med mellom anna auka bruk av kraftfôr – totalt sett.

Utforming og iverksetjing av verkemidla i jordbrukspolitikken skjer i jordbruksforhandlingane mellom staten og faglaga til bøndene. Slik jordbruksforhandlingane har utvikla seg dei siste åra, er dei aller fleste prioriteringane som gjeld norsk matproduksjon, fråtekne folkevald styring og i staden overlatne til bondeleiarane og byråkratane åleine. Utviklinga i jordbruket, der produksjonen på norske areal blir redusert og importen aukar, har ikkje vore noka tyngdelov, men eit resultat av ei medviten politisk styring.

 

Kva vil vi med jordbruket?

Jordbrukspolitikken dreier seg om matproduksjonen i vid forstand – om verdien av og rolla til matproduksjonen i samfunnet som heilskap. Det dreier seg om ressursforvaltning, matvaresikkerheit, om berekraftig utvikling, næringsutvikling, dyrevelferd og mykje meir. Og det dreier seg om kosthald, kulturlandskap, helse, distriktspolitikk. Men om jordbrukspolitikken ikkje lenger dreier seg om å dyrke og hauste den norske jorda, kva skal den norske jordbrukspolitikken då vere?

Tidlegare landbruksminister Lars Peder Brekk oppsummerte det på fylgjande måte i ei tale på Veterinære fagdagar i mai 2011: «Alle land må utnytte sine naturgitte forutsetninger for matproduksjon. Vi må utnytte alle ressursene, og vi må utnytte dem der de er.»[3]

Godt sagt! Matproduksjon handlar til sjuande og sist om jord. Men skal vi nå dei jordbrukspolitiske måla, må politikken endrast. Tida er inne for å tenke nytt. Og for å tenke heilskap. Framtida for norsk matproduksjon blir ikkje avgjord av kor mange milliardar som blir overførte frå staten til jordbruket. Retninga for jordbruket handlar om kven som skal ha makta over matproduksjonen, og kva prinsipp han skal styrast etter.

Kanskje vi treng ein ny diskusjon om kva vi vil med jordbruket? Er tida inne for å demokratisere jordbrukspolitikken med ein ny samfunnskontrakt mellom folket, dei folkevalde og jordbruket? Kva vil vi med jordbruket? Kva rolle skal jordbruket og matproduksjonen ha i Noreg – i dag?

 

Ein stad må vi byrje

Ein stad må vi byrje. Her er tre faktorar som spelar ei vesentleg rolle i utforminga av morgondagens jordbruk.

Tollvern er den avgjerande reiskapen for å sikre produksjon på norske areal, som jo er essensielt om vi skal ha mål om matproduksjonen i Noreg. Fordi dei fleste land i verda har lågare inntekts- og kostnadsnivå enn oss, kan desse landa i prinsippet – teke i betraktning det låge kostnads- og inntektsnivået – bruke eigne areal til å produsere billegare mat enn det vi kan her heime. Tollvernet er difor eit avgjerande verkemiddel for å sikre lønsemd i norsk matproduksjon basert på eigne jordbruksareal og eiga arbeidskraft. Berre slik kan vi nå politiske mål med matproduksjonen.

Akkurat som norsk arbeidsliv treng eit nasjonalt regelverk for å sikre nasjonale løns- og arbeidsvilkår for arbeidstakarar i Noreg, treng også jordbruket eit sterkt tollvern for å sikre produksjon av mat på jord i Noreg – og eit inntektsnivå tilpassa det nasjonale kostnadsnivået elles. Løna til arbeidstakarane i Noreg blir avgjord gjennom tariffavtale, ikkje ut ifrå ein gjennomsnittleg verdsmarknadspris på ulike grupper av arbeidstakarar.

Det juridiske og politiske handlingsrommet til å føre ein nasjonal jordbrukspolitikk i tråd med tollvernet er større enn det debatten ofte gjev inntrykk av. Då Noreg vart del av handelsorganisasjonen World Trade Organization (WTO), vedtok Stortinget følgjande: «I hvert enkelt tilfelle er det den tollsats som gir det høyeste tollbeløp ved innførsel som skal benyttes». (Innstilling S. nr. 65: 1994–1995).

Problemet i dag er at handlingsrommet i tollvernet ikkje blir brukt. På ei lang rekke produkt er det difor ikkje noko prisvern mot importerte jordbruksvarer. Resultatet er at bønder i Noreg er i ein svært økonomisk pressa situasjon: Prisen på produkta til bonden fell, kostnadene på produksjonen av dei same produkta aukar. Til sist blir prisane på dei norske varene vegne opp mot prisane på verdsmarknaden, med dei konsekvensane det fører med seg.

Gras eller kraftfôr? Kva for ressursar bør ein basere matproduksjonen i dei einskilde landa på? Areala til husdyrproduksjon i det norske jordbruket blir i all hovudsak brukt til gras- eller kornproduksjon. Kva som til kvar tid er mest lønsamt i produksjonen, innkjøpt kraftfôr eller produksjon av eige gras, er sjølvsagt avgjerande for kva areal som blir brukte, og vidare, for inntektsgrunnlaget frå arbeid på eige areal. Dette blir – som tidlegare skrive – bestemt gjennom jordbruksforhandlingane. Men om kraftfôr er billegare enn gras, vil det fortrenge lønsam bruk av norske areal. Bondens nettoproduksjonsinntekt blir eit resultat av låge utanlandske prisar og nasjonalt relativt høge priser. Importen aukar, sjølvforsyninga går ned.

Det sentrale er spørsmålet om forvaltninga av norske jordbruksressursar og lønsemda i norsk matproduksjon. Også her kan ein samanlikne med arbeidslivet elles. Fagrørsla si største utfordring er å unngå at billeg utanlandsk arbeidskraft underminerer norske løns- og tariffavtaler innanfor stadig fleire bransjar innanlands. Arbeidskjøparar vil nytte seg av den billegaste kvalifiserte arbeidskrafta. Parallellen til jordbruket finn vi i spørsmålet om importert kraftfôr – som blir produsert i land med heilt andre kostnadsmessige, sosiale, klimatiske og økonomiske forhold enn det vi har i Noreg, og som relativt enkelt kan erstatte norske fôrråvarer. På same måte som billeg, importert arbeidskraft vil tilgangen til importert kraftfôr auke produktiviteten i norsk jordbruk og utkonkurrere både norsk arbeidskraft og norske jordbruksareal. Vil vi eigentleg det?

Inntektsgrunnlaget i norsk jordbruk: Råvarepris eller tilskott? I jordbruksdebatten er det lite vektlegging av kostnader og inntekter ved produksjonen, til dømes råvareprisane. I staden dreier debatten seg om nivået på overføringane frå staten. Eit slikt snevert perspektiv overser det vesentleg faktumet at det berre er eit fåtal av bøndene som tener på staten sine overføringar til jordbruket, og at dei politiske måla med matproduksjonen ikkje blir nådde. I staden er det staten, matindustrien og forbrukaren som stikk av fortenesta.

Jordbruk er næring. Ikkje hobby eller dugnad. Enkelt fortalt har jordbruket to inntektskjelder: 1) Produsentprisen til bonden, altså pris per liter mjølk og kilo kjøt, og 2) overføringar frå staten. At norsk jordbruk slit med manglande lønsemd, heng blant anna saman med at bøndene i mange tilfelle sel råvarene sine til ein pris som er lågare enn produksjonskostnadene. Prisfallet i produksjonen har gjort at bøndene har blitt stadig meir avhengige av overføringar frå staten og av å produsere høgare volum for å kompensere for det nemnde prisfallet. Med andre ord: Volumet av kjøt og mjølk blir produsert på tilskott og aukande mengde av kraftfôrimport.

At jordbruket er avhengig av tilskott, er problematisk av mange grunnar. Eitt av problema er at det bidreg til å stimulere til produksjon styrt av tilskottstilpassingar – ikkje av etterspurnad i marknaden, noko som for bøndene raskt kan føre til auka press på inntektene. Etterspurnad, produksjon av kjøt og mjølk, pris og kvalitet er i praksis lausrivne frå kvarandre. I tillegg bidreg avhengigheita av tilskott – kombinert med fallande produksjonsinntekter – til at det blir etablert bruksstrukturar og produksjonar som korkje utnyttar nasjonale arealressursar eller er driftsøkonomiske rasjonelle. Når bonden blir stadig meir avhengig av statlege overføringar, blir han fanga i eit system av avhengigheit som korkje er bra for kvar einskild bonde eller for den nasjonale matproduksjonen.

Rett nok kjem norsk jordbruk alltid til å vere avhengig av eit visst nivå av støtteordningar. Inntekta til bonden kan ikkje eine og åleine kome frå prisar i marknaden der presset frå matindustrien dominerer. Politisk styring og økonomiske verkemiddel for å sikre at politiske formål blir ivaretekne, er nødvendig. Men kva skal tilskotta brukast til? Til å bygge produksjonsstrukturar som gjer at vi brukar mindre jord i Noreg?

Hovudproblemet i dag er at inntektene til bonden i auka grad blir styrte og avhengige av tilskott åleine. Produksjonen og organiseringa av drifta bør ikkje berre basere seg på kva som gjev mest mogleg tilskott. Pris bør spele ei viktigare rolle for inntekta til bonden – også for å sikre volum og kvalitet.

Dess lenger vi venter med å ta omfattande grep i jordbrukspolitikken, dess større og verre blir konsekvensane. Krisa i jordbruket er ei systemkrise, difor blir vegen ut også tøff. Debatten om matproduksjonen i framtida må basere seg på fakta. Ikkje tilsløringar og mytar.

 

Kjelder

Totalkalkylen for jordbruket. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning

Statistisk Sentralbyrå

Statens landbruksforvaltning

Jordbrukets kravdokument til Jordbruksforhandlingene

Jordbruksforhandlingene 2013. Sluttprotokoll frå forhandlingsmøte

Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikkenMeld. St. 19 (1999–2000) Om norsk landbruk og matproduksjon

Løkeland-Stai, Espen, og Svenn Arne Lie. 2012. En nasjon av kjøtthuer – ni myter og en løgn om norsk landbrukspolitikk. Manifest

 


[2] Sitat, Aftenposten 17.4.2013

[3] http://www.regjeringen.no/mobil/nb/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/lmd/taler-og-artikler/2011/tale-.html?id=643835

Artikkel og bilde er hentet fra Syn og Segn sin nettutgave av artikkelen. Artikkelen ble først publisert i 2-14 utgave og er skrevet av Svenn Arne Lie 

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Ta kontakt med Nyorientering

Ønsker du å være med på laget? Har du et innlegg du ønsker å publisere på våre nettsider?

Vi hører gjerne fra deg – ta kontakt med oss for mer informasjon om oss og vår virksomhet.

© 2023 | Nyorientering | post@nyorientering.no