Før vi veit kor vi skal, må vi vite kor vi er. Her byrjar problema i debatten om det norske jordbruket. Legitimiteten til det norske jordbruket står og fell på at landbrukspolitikken er av allmenn interesse. Likevel har han ord på seg for å vere vanskeleg, utilgjengeleg og for spesielt interesserte. Kvifor har det blitt slik? Og kor står norsk jordbruk eigentleg – i dag? Kan jordbrukspolitikken endrast? Sjeldan har interessa for norsk jordbruk og jordbrukspolitikk vore større enn i dag. Samstundes dreg debatten i alle retningar, ofte med (u)føreseielege konklusjonar utan forankring i kunnskap og faktiske realitetar. Når debatten manglar forankring, får vi heller inga felles forståing av verkelegheita. Resultatet er ei oppblomstring av mytar, mistydingar og stereotype oppfatningar om kva jordbruket er, treng og skal vere.   Myteskaparane Kven er så desse myteskaparane? Og kva slags mytar er det som blir skapte? Media bygger opp under stereotype haldningar og reproduserer gamle førestillingar om jordbruket på sin måte. Både meiningar og førestillingar om norske matprisar er eit viktig omdreiingspunkt i matdebatten i norske medium – som ofte konkluderer med at norske bønder er kostbare, ineffektive og har sugerøyr ned i statskassa. Nordmenn på grensehandel i Sverige i påskeveka var tema i Aftenposten 17. april i år. Direktør Thomas Angell i hovudorganisasjonen Virke meinte det var tid for å diskutere matprisane: «Vi trenger virkelig en politikk som gir mindre forskjeller. Vi må se på norske avgifter, importvernet som gir kunstig høye matpriser og resten av landbrukspolitikken.» Samanlikning av matprisar over landegrensene er ei populær, men ofte vanskeleg øving. «Er nordmenn dumme som spiser verdens dyreste Big Mac?» Forbrukerinspektørene (NRK 27.07.10) stilte dette spørsmålet då dei presenterte den årlege Big Mac-indeksen, som viste at ein Big Mac, altså ein hamburgar, kostar meir i Noreg enn i dei fleste andre land. Samanhengen mellom kostnadsnivå og prisnivå blei derimot ikkje tematisert i programmet. At maten blir stadig billegare, eller at fallet på råvareprisane gjer bøndene stadig fattigare, blei heller ikkje teke med i likninga. At norske matkonsumentar brukar knapt 10 % av inntekta si på mat, men nær 30 % på bustad, var heller ikkje relevant for inspektørane i NRK. Jordbruket sine medlemsblad interesserer seg ofte for såkalla gladsaker. «Fornøyd med nøkkelferdig robotfjøs» kunne magasinet Norsk Landbruk melde i ein reportasje 7.3.14. Ressursgrunnlag og bruksstruktur les vi sjeldan om. Eller om mangelfull lønsemd og aukande gjeld. Kvifor er det så viktig for jordbruksjournalistikken å fortelje kor flinke bønder er til å effektivisere og rasjonalisere? Dess meir matproduksjonen blir fråkopla ressursgrunnlaget, dess meir intenst blir salet av den idylliserte landsbygda. Førestillinga om jordbruk er både «ekte», «reint» og ikkje minst «norsk». Stølsidyll, kyr på fjellbeite og lukkelege bønder er innpakkinga når norsk jordbruk skal møte kundane sine. Idyllen finn vi i reiselivsmagasina, i reklamane på TV eller som del av merkevarebygginga i regionane. I oksemagasinet til avlsselskapet Geno blir avlsoksar photoshoppa inn i frisk natur. At dei same oksane sjeldan og aldri er i nærleiken av norsk fauna – eller at dei til dagleg står på hard betong, finst det ingen bilete av. Framstillinga av merkevareprosjekt som til dømes «Nyt Norge» skaper eit bestemt inntrykk av ein norsk jordbruksidyll. Norsk jordbruk åleine er basert på norsk ressursar, blir det hevda, men sanninga er ei anna: Gjennomsnittsalderen på Tine sine mjølkekyr er i dag om lag fire år før dei går ut av produksjonen. Den intensive mjølkeproduksjonen og krava til høg mjølkemengde gjer at om lag 45 % av fôret til kyrne er kraftfôr, der ein stadig større del av kraftfôrråvarene er produsert i andre land. Beite utgjer berre 10 % av den samla fôrmengda. Er merkevarebygginga oppteken av desse utviklingstrekka når dei formidlar tilstanden i norsk matproduksjon? Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug seier i VG 25.2.14 at framsnakking er det viktigaste middelet for å lokke fleire unge inn i næringa – nøyaktig det same som tidlegare landbruksminister og no leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum uttala i fyrste tala si som landbruksminister (Dagligvarehandelen 40/2012). Men er det verkeleg framsnakking som er løysinga for jordbruket i framtida? Dette er til å bli sliten av. Kor skal ein byrje?   Suksess eller særinteresse? Grovt sagt er det to hovudforteljingar om norsk jordbruk: Den eine er at norsk jordbruk er ein suksess. Sentrale stikkord er vellukka jordbruksforhandlingar, innovative samvirke, naudsynte statlege overføringar og tollvern, stor grad av sjølvforsyning, levande bygder og rein norsk mat. Bak desse forteljingane står dei som er ansvarlege for jordbrukspolitikken: Landbruks- og matdepartementet, Norges Bondelag, Senterpartiet, Norsk Landbrukssamvirke – med støttespelarar i Nationen, Nyt Norge-kampanjen – og nokre til. Den andre versjonen er forteljinga om norsk jordbruk som ei særinteresse: ein sektor som har skapt den dyraste maten i verda, skyhøge tollmurar, ineffektive bønder og eit tungrodd byråkrati. Bak denne forteljinga står Dagens Næringsliv og redaktør Trygve Hegnar, Høgre, Unge Venstre, FrP, tankesmia Civita, REMA-Reitan, NHO og andre prinsippfaste tilhengarar av frihandel sentralt. Felles for båe – både dei som forfektar jordbruket som ein suksess, og dei som hevdar at det representerer ei tungrodd særinteresse – står forteljinga om norsk jordbruk som ein motreaksjon, som kjerringa mot straumen. Utviklinga i jordbruket skjer trass i jordbrukspolitikken – ikkje på grunn av han, hevdar dei båe. Men debatten er prega av tilsløringar. Eit døme: Tidlegare landbruksminister Lars Peder Brekk (Senterpartiet) skreiv i eit lesarinnlegg i Bergens Tidende at formålet med verkemidla i jordbrukspolitikken var å bremse strukturutvikling og sentralisering (BT 28.5.10). Det er denne politikken Dagens Næringsliv vil til livs når dei angrip Senterpartiet på leiarplass: «Partiet er grenseløst når det gjelder å bruke penger på jordbruk og distriktene. Målet har vært å opprettholde gårsdagens bosettingsmønster og sysselsetting i jordbruket». (DN 2.9.11). Men kva bygger utspela og påstandane eigentleg på? Kva veit Dagens Næringsliv om samanhengane i jordbrukspolitikken og drivkreftene i jordbruksavtalesystemet? Og er det riktig som tidlegare minister Brekk skriv, at formålet med jordbrukspolitikken er å bremse utviklinga? Uavhengig av korleis jordbrukspolitikken faktisk ser ut, passar ideen om jordbrukspolitikk som ein motreaksjon både for jordbruket sine tilhengarar og motstandarar: Overføringane til jordbruket og